
Søndag 5. juni held Storfjordens Venner sitt sommarstemne i Matvika. Stemnetalar i år er pater Arnfinn Haram.
Eit innhaldsrikt program ventar alle som tek turen til Matvika søndag. Frå kl. 13.00 til 15.00 blir det i tillegg til stemnetale mykje fellessong, musikk ved Sunnylven skulekorps, song ved Tonika Stordal, ord for dagen ved Svein Runde, grunneigar Per Jarle Matvik fortel om Matvika og leiar i Storfjordens Venner orienterer om arbeidet i foreninga siste året.
Det er sett opp fire turar båtskyss med Geirangerfjord frå Hellesylt, den fyrste går kl. 09.00, med retur etter stemneslutt. Billett kr. 150,-, born kr. 50,-
Det blir sal av rømmegraut og grilla pølser i Matvika, men arrangøren oppmodar alle om å ta med niste og drikke då det kan bli ein lang dag.