Lokalnytt

Travel vårsesong ved Villa Norangdal

Designer Anne Jorunn Sæten har laga ein serie bilete med motiv frå Villa Norangdal. Her er eitt av dei nye.
Designer Anne Jorunn Sæten har laga ein serie bilete med motiv frå Villa Norangdal. Her er eitt av dei nye.

Villa Norangdal har hatt godt belegg i starten av sesongen, både av påskegjestar og andre. Frå midten av juni blir hotellet ope dagleg.

Fyrste helga i mai har Villaen hatt toppturhelg med Ekspedisjon og Eventyrreiser arrangør Hvitserk, som er spesialist på skreddarsydde turar og ekspedisjonar i inn og utland.
Hvitserk nytta Villa Norangdal som basecamp for ei gruppe som var på toppturar i Sunnmørsalpane, fortel hotelleigar Iris Fivelstad som også har hatt konfirmasjonsselskap på hotellet denne helga.

Godt med påskesnø
Den seine påska i år vart eit problem for mange høgfjellshotell då snøen smelta vekk. Det var ikkje eit problem for Villa Norangdal. Toppturentusiastar har funne rikeleg med snø, og turane har gått til både Kviteggja, Litjenibba og Slogen. Det er venta nye skigrupper i mai.

Starten på sesongen med stengd veg gjennom Norangsdalen er ei utfordring. I år valde ei skigruppe båt på Hjørundfjorden, medan ei anna gruppe valde Romsdalsalpane i staden for Sunnmøre, fortel ho.

Stengd veg ei utfordring
Her har vi ei utfordring med å gjere tilboda på vår side like populære for skituristane som det Skårasalen og Kolåstinden er, slik at vi ikkje mister bestillingar når dalen er stengd, seier Iris Fivelstad.
Men det er ikkje berre ski og friluftsinteresserte som oppsøkjer Villa Norangdal. Påskegjestar på Villa Norangdal besøkte ei kunstutstilling av Nicolai Aamodt, filmprodusentar har funne vegen innom, og eit reklamebyrå frå London var booka inn, men desse måtte finne andre alternativ grunna stengd veg gjennom dalen.

Dagleg ope i juni
Starten på sesongen har vore positiv god, det har vore travle dagar for dagleg leiar Randi Sæter, kjøkkensjef Torunn Hauge og resten av team Norangdal, seier Iris Fivelstad som
lovar å ha open Villaen kvar dag frå midten av juni, også for drop-in gjester som ikkje har bestilt på førehand.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380