Trimmarar møttest i Toskedalen

  • doc_2177_2
    Frå trimtreff i Toskedalen
  • doc_2177_13
    Trimmarar i alle aldrarpå Toskedalsetra. Fremst rå venstre: Kristen Brenne Ringdal, Arnfinn Tryggestad, Gunnar Fivelstad, Ingeborg Fivelstad Stadheim,
  • doc_2177_14
  • doc_2177_15

 

 

Trimgruppa i Sunnylven IL registrerte 41 store og små frammøtte på trimtreffet i Toskedalen søndag. Det var arrangøren nøgd med.

Trimtreffet i Toskedalen var det fyrste etter vinteren. Dei fleste gjekk sætrevegen opp frå Karbø, men nokre kom også råsa frå Hellesylt om Skaret.

Mellom dei frammøtte vart det trekt ut deltakarpremiar gjevne av det lokale næringsliv. Desse gjekk til Jens Vik, Kari Hauso Stadheim, Lars Fivelstad, Lars Kvam Karbø, Ann Kristin Wollsæter, Jakob Sæter, Kristine Hjellbakk Hole, Astrid Taraldset, Bjørn Rusten, Gisle Aaland, Arne Ringdal.

Nokkenibba neste

Neste trimtreff blir på Nokkenibba, 1380 meter over havet, opplyser trimgruppa. Dette er ein heilt ny trimpost som blir offisielt opna då. Eit besøk her gjev heile 20 poeng.
Til Nokkenibba kan ein gå frå Hole om Liadalen, eller frå Hellebostad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380