Ung fotballturnering på Hellesylt stadion

Frå ei tidlegre turnering på Hellesylt stadion, J 11 -laga til Sunnylven framme, og VRF.

Frå ei tidlegre turnering på Hellesylt stadion, J 11 -laga til Sunnylven framme, og VRF.

Laurdag 14. mai arrangerer Sunnylven IL to miniturneringar i fotball på Hellesylt stadion. Der blir det garantert mykje fotballglede, og open kiosk.


Desse laga er med i fotballturneringa:

J8: Sunnylven, Ikornnes, Stranda, Sykkylven og Hundeidvik. Første kamp av totalt 8 startar kl. 12.00. Oppmann for Sunnylven sitt lag er Ann Kristin Wollsæter.

J10: Sunnylven, Hundeidvik, Stranda blå, Emblem 1, Ikornnes, Stranda raud og Emblem 2. Totalt 12 kampar skal spelast, start kl 12.40. Oppmann for Sunnylven er Synnøve Kjellstad.

Rundt 80 spelarar deltek. Arrangøren håper mykje publikum møter fram for å sjå spanande kampar og flott fotball av unge fotballtalent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380