Vikarprest i Sunnylven og Geiranger

Anne Line Tufteland Kroken blir vikarprest i Sunnylven og Geiranger i sommar. Ho er spent, men gler seg til jobben i turistbygdene.

Anne Line Tufteland Kroken blir vikarprest i Sunnylven og Geiranger i sommar. Ho er spent, men gler seg til jobben i turistbygdene.


Anne Line Tufteland Kroken er frå Bergen og studerer til prest i Oslo. Neste haust er utdanninga ferdig for 25-åringen.
Ho har aldri vore på Hellesylt eller i nærleiken før, men har høyrt at det skal vere verdens vakraste stad, seier ho. Namnet Kroken stammar frå nabobygda Hornindal der farfar hennar kom frå.

I fjor hadde Anne Line sommarjobb som prest i Olsvik ved Bergen. Til Hellesylt kjem ho kring 19. juni og blir til midten av august.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380