Fin start i Korsbrekkeelva

Ragnar Kaland t.v. og Jan Melseth har fiska godt i Korsbrekkeelva før. Her med ein fangst i 2006.

Ragnar Kaland t.v. og Jan Melseth har fiska godt i Korsbrekkeelva før. Her med ein fangst i 2006.

Det vart kjempestart på laksefiske i Korsbrekkeelva onsdag. På fyrste fiskedag vart det landa fleire laksar og sjøaure, den største laksen vog 9.8 kg.


Til klokka 14.00 var det Jan Melseth frå Sykkylven som hadde den største laksen i Korsbrekkeelva på fyrste fiskedag 1. juni. Nesten ti kilo vog ruggen som slo til like etter at han starta fisket i firetida om morgonen. Melseth fekk også ein sjøaure på kring to kilo og i tillegg var to til på kroken, men beit ikkje fast.

Seinare same dag vart det fiska ein laks på vel seks kilo i Steimshølen.

Ein lovande start på fiskesesongen i Korsbrekkeelva, tykte leiar i elveeigarlaget Ragnar Kaland. Han veit at der er mykje fisk i elva alt, noko han meinar det gode kultiveringsarbeidet har mykje av æra for.

-Korsbrekkeelva er rekna for å vere ei sein elv, så for å vere 1. juni er resultatet frå fyrste dag eit godt resultat. Verken vassføring eller temperatur var optimale i dag, så dette lovar godt. Det er mange år sidan det har vore så bra opning, hevdar Kaland som også er oppteken av at fangststatestikken blir rett, at alle rapporterer inn fangstane sine ut over i fiskesesongen.

Korsbrekkeelva er einaste elva på Sunnmøre med opning 1. juni. Andre elvar opnar for fiske 15. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380