Fleire gåver og gratulantar

-

På lista til festleiar Arild Ringdal stod mange som bar fram helsingar og gåver til Sunnylven IL under opning av kunstgrasbana. Steinar Hjelle tok i mot på vegne av laget og gjorde mange turar og fekk mange handtrykk.

Banksjef i Sparebanken Møre, Stig Tryggestad hadde ikkje med gåvesjekk denne gongen. Det vart laget tildelt under fyrste seriekamp i fjor, 180.000 kroner som mellom anna er brukt til innkjøp av stadionur.

Laurdag overrekte Stig Tryggestad ein hjartestartar, ei gåve frå fleire lag og organisasjonar i Sunnylven. Gåva til ein verdi av 30.000.- kroner skal vere plassert på omsorgssenteret på Hellesylt, men kan hentast ut under større arrangement i idrettslaget, både på stadion og i skianlegget i Hyttehola.
Gåva var kjøpt inn gjennom eit spleiselag der Tryggestad nemde spesielt Åge Gjørvad som aktiv i å få finansieringa i orden.
Hjartestartaren skal vere ei hjelp om noko skulle oppstå, sa han, men håpa at den aldri vart teken i bruk.
Stig Tryggestad tykte det var stort at bygda hadde fått eit så flott anlegg. –Når eg er ute og reiser får eg høyre at det er to stader, Stordal og Hellesylt som får til alt dei vil. Her er to bygder der dugnadsånda framleis er levande. Lat vi ta vare på den-, sa Steig Tryggestad.

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole helsa frå utviklingsselskapet, ein organisasjon med hovedmål å jobbe for utvikling og trivsel i bygda. At ”nye ” Hellesylt stadion ville bety mykje var han viss på. Mest alle i skulepliktig alder spelar fotball, stadion var ein myldreplass for alle i alle aldrar.
Når undervarmeanlegget kom i drift ville stadion også vere eit godt regionanlegg heile året. Ei grøn bane når snøen låg frå toppane og ned i fjøresteinane er få bygder som kan tilby, sa Hole som hadde med gåvesjekk frå Hellesylt Vekst til idrettslaget.

Også Noralf Ommedal frå entreprenør Rano helsa og gratulerte. Hellesylt stadion var ei ny utfordring for selskapet der nær tre mil med røyr som skulle på plass under speleflata. At nokon hadde leika seg med kniv på plastrøyra vart oppdaga og reparert.

Til slutt var det fotballformann og fungerande leiar i Sunnylven Idrottslag, Steinar Hjelle sin tur. Han takka for ein flott opningsfest med mykje rosande omtale.
Takketalen frå Hjelle gjekk på rin, og fyrste linjene sa vel det dei mange på tribuna også følte: -For oss i Sunnylven er det ein stor dag, det nyttar å spele på lag-.

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole såg "nye" Hellesylt stadion som eit nytt og godt regionanlegg for fotball når alt var ferdig.

Dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole såg «nye» Hellesylt stadion som eit nytt og godt regionanlegg for fotball når alt var ferdig.

Arild Ringdal leiar opningsfesten, her saman med ein av dei mest aktive i leiinga i SIL, Steinar Hjelle.

Arild Ringdal leiar opningsfesten, her saman med ein av dei mest aktive i leiinga i SIL, Steinar Hjelle.

Sunnylven IL baud på enkel servering til inviterte gjester, mellom anna på marsipankake.

Sunnylven IL baud på enkel servering til inviterte gjester, mellom anna på marsipankake.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380