Jentebølgen vart stormønstring
Damer i alle aldrar trassa regnet og stilte til start i trimmønstringa Jentebølgen på Hellesylt måndag kveld. Heile 45 deltakarar vart registrert.
Jentebølgen er ikkje eit konkurranseløp, men ein personleg test på fysisk form og vilje. Og vilje måtte til for damene måndag, for plaskande regn berika den fem kilometer lange turen frå Hellesylt stadion til Stadheim og tilbake.
Det vart mest rask gange, men også litt småjogging av enkelte. Ingen av dei spreke damene gav opp under vegs, men kom til mål og fekk registrert som bestått test i den lokale versjon av Jentebølgen.
Etter loddtrekning var desse vinnarar av seks premiar:
Sekk frå Sparebanken Møre: Else K. Frøysa.
Buff frå Devold: Kristi Ringdal
Sokkar frå Devold: Hege Høgalmen
Panneband frå Devold: Randi Sæter
Badeprodukter frå Gavebuda: Solfrid O. Lien
Hårprodukter frå Afrodite: Kari Hauso Stadheim.
Arrangør av den lokale Jentebølgen på Hellesylt var Sunnylven sanitetslag og trimgruppa i Sunnylven IL.