Lokalnytt

Jonsokmoro på badestranda

Laurdag inviterte Hellesylt Ungdomslag til grilling, kostymeshow, bålbrenning og moro for store og små på badestranda på Hellesylt. Mange kom til den litt forsenka, men trivelege jonsokfeiringa.

Rundt 80 unge og eldre var innom området ved badehuset der Hellesylt Ungdomslag hadde ordna med bord og stolar. Arrangøren baud på både grillmat, kaffi , kaker og brus, og alt fall i smak etter salet å dømme.
Mange hadde fylt oppmodinga om å kle seg ut, så det dukka opp både klovnar, brannmenn , sjørøvarar, og eit brudepar. Det vart både ”vigsle” og brudevals.

Og sjølvsagt var bålet på plass. Det brann flott og varma godt på ein heller kjøleg laurdagskveld.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380