Opningsfest på stadion

Laurdag blir Hellesylt stadion offisielt opna etter ombygginga.

Laurdag blir Hellesylt stadion offisielt opna etter ombygginga.

Alt er klart til opning av kunstgrasbana på Hellesylt stadion. Gjestelista er lang og dugnadsfolket har jobba godt dei siste vekene. Sunnylven IL håper at mange finn vegen til stadion og opningsfest laurdag.


Kunstgrasbana på Hellesylt stadion stod ferdig til bruk i september i fjor. Mange treningar og kampar er alt gjennomført på den flotte bana, og laurdag 11. juni er det offisiell opning.

Dei siste installasjonane for undervarme er ikkje på plass, men Hellesylt stadion har blitt eit godt og fram for alt flott idrettsanlegg å sjå på, som det høver seg i ei turistbygd. Dei siste vekene har folk frå idrettslaget sett opp nye gjerde, ballnett bak måla, og stelt på løpebana, Med hjelp frå brannvesenet vart taket på klubbhuset spyla og reinska for uønska vegitasjon.

Ei lang rad inviterte gjester kjem til opninga, frå fotballforbundet, fotballkrins, Stranda kommune, entreprenørar og sponsorar. Sunnylven IL håper at også bygdefolket møter fram på opningsfesten der det blir innmarsj av alle Sunnylven IL sine fotballag, orientering om utbygginga av stadion, og fleire taler.

Sunnylven skulekorps syter for friske korpstonar, men kven som får æra av å klippe snora som markerer at kustgrasbana Hellesylt stadion er offisielt opna, er enno ikkje kjent.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380