Lokalnytt

På utflukt til Geiranger

Det vart ein kjekk tur til Geiranger for dei åtte som skal ta til i fyrste klasse til hausten. (Foto: Privat)
Det vart ein kjekk tur til Geiranger for dei åtte som skal ta til i fyrste klasse til hausten. (Foto: Privat)

Tradisjonen tru tok borna som skal starte på skulen til hausten ein tur som avslutning på det siste året sitt i Sunnylven Barnehage. Turen gjekk til Geiranger.


Hilde Langlo Brekke – 27.06.2011 20:04:15
Ein fantastisk ferjetur starta reisa til Geiranger. Ombord på turistferja vart alle frå Sunnylven Barnehage invitert opp i styrehuset der dei åtte borna fekk både styre ferja åleine og tute med signalfløyta.

I Geiranger besøkte dei Norsk Fjordsenter og fekk sjå alt det som er der og ikkje minst gå gjennom ”raset” mange gongar. Vidare gjekk turen ned til sentrum og eit besøk på Geiranger skule og barnehage.
Sjølvsagt vart det også tid til både litt leik og ein is i løpet av denne dagen før dei fulle av inntrykk måtte ta ferja tilbake til Hellesylt og tilbake til Sunnylven barnehage.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380