Pyntar Hellesylt med blomster

Plantejengen med sluttresultatet, frå venstre Anne Gausdal, Eldrid Skrede, Kirsten Gjørvad, Sonja Lillebø Hole, Oddny Rudi, Havtor Tryggestad, Liv Hellebostad.

Plantejengen med sluttresultatet, frå venstre Anne Gausdal, Eldrid Skrede, Kirsten Gjørvad, Sonja Lillebø Hole, Oddny Rudi, Havtor Tryggestad, Liv Hellebostad.

Denne veka vart store blomsterkrukker leita fram frå vinterlager og fylte med jord og blomster i friske fargar. 38 krukker er klare for utplassering og vil pynte opp i Hellesylt sentrum gjennom heile sommaren.

Foto: Inge Hole

Blomsterkrukkene som er 1.1 meter i tverrmål, vart anskaffa for to år sidan gjennom eit samarbeid mellom Hellesylt Næringslag, private, bedrifter og Stranda kommune.

Onsdag denne veka var det plantedag der seks damer og kommunegartnar Havtor Tryggestad gjorde jobben. Utplassering i sentrum syter bedrifter på Hellesylt for.

Ideen om å pynte med blomster på denne måten, kom gjennom bygdemobiliseringsprosjektet, det var snakk om å skape trivselsfremjande tiltak i sentrum. Blomsterkrukkene har fått svært god mottaking, berre positive tilbakemeldingar, seier Inge Hole i Hellesylt Vekst som rosar hjelpa frå kommunegartnaren og damene på Hellesylt som har hjelpt til med utplantinga kvart år.

-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380