LokalnyttLokalsport

Raust på Hellesylt stadion

"Sylvstokken" i næringslivet på Hellesylt, Ole Ringdal a/s gav 200.000 kroner i gåve til Sunnylven IL. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal overrekte til Steinar Hjelle t.h. som tok mot på vegne av laget.
«Sylvstokken» i næringslivet på Hellesylt, Ole Ringdal a/s gav 200.000 kroner i gåve til Sunnylven IL. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal overrekte til Steinar Hjelle t.h. som tok mot på vegne av laget.

Pinseaftan vart ”nye” Hellesylt stadion offisielt opna. Korpsmusikk, helsingstaler, snorklipping og gåver med sjekk på 200.000,- kroner som den største vart overrakt Sunnylven Idrottslag.


-Vi er stolte av kommuna vår, av bygda vår og av Hellesylt. Bedrifta Ole Ringdal a/s er avhengig av dyktige arbeidarar som trivst og buset seg her. Difor er det viktig med trivselstiltak og difor støttar vi idrottslaget si satsing med ein gåvesjekk på 200.000,- kroner, sa Ole Arnstein Ringdal. Det var ei festgåve som fekk fram applausen mellom dei mange på tribuna på Hellesylt stadion laurdag.
Og dagleg leiar ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt hadde sine tankar om kva noko av pengane kunne gå til, som asfaltering av parkeringsplassen ved stadion og leikeapparat for små born slik at dei vaksne fekk sett fotballkamp.

Det var Arild Ringdal som leia programmet under den flotte opningsfesten av Hellesylt stadion der Sunnylven skulekorps gleda dei mange frammøtte med flotte korpstonar under opning og innmarsj av spelarane på alle dei ti laga i klubben.

Tidlegare leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland jobba mykje med kunstgras på stadion.
Han fortalde om prosessen frå det starta i 2007 til det siste av 100 tonn gummigranulat var dryssa ut over flotte Hellesylt stadion som i dag er FIFA en-stjerners bane, og som er godkjent for internasjonale kampar.
No gjenstår det å bygge pumpehus og røyr ut i sjøen slik at undervarmeanlegget kan takast i bruk til vinteren.
Løpebana er sett på vent inn til vidare, men Langeland håpa på det beste. –Berre start å tren friidrett, for snart blir det tartandekke også-.

Også ordførar Frank Sve var stolt av ”nye” Hellesylt stadion.
-Ein stor dag for bygda etter mange sverdslag for å få det gjennomført. Kommunen har satsa på Sunnylven og prioritert anlegg for born og unge. Det er noko av det viktigaste ein gjer for å halde liv i ei bygd, sa Sve.
-At anlegget skulle bli ein realitet var ikkje noko sjølvfølje. Eldsjelene i Sunnylven er mange, dei tek ikkje nei for eit nei. Eg huskar møter med sterke representantar frå bygda. Det er dei heltane som må få ros i dag, som kom til oss og fekk oss overbevist.
Når vi ser kva Sunnylven står for innan all idrett er eg imponert. Det gjer meg som ordførar stolt-.
Utan engasjement døyr bygdene, sa ordførar Frank Sve som lova å gjere alt han kunne for også å få på plass tartandekke på Hellesylt stadion i neste valperiode.

Meir frå opningsfesten seinare.

Ordførar i Stranda, Frank Sve klipte snora og opna "nye" Hellesylt stadion. Steinar Hjelle til venstre, og Knut Dag Langeland.
Ordførar i Stranda, Frank Sve klipte snora og opna «nye» Hellesylt stadion. Steinar Hjelle til venstre, og Knut Dag Langeland.
Tidlegare leiar i Sunnylven IL såg tilbake på prosessen med å få kunstgrasdekke.
Tidlegare leiar i Sunnylven IL såg tilbake på prosessen med å få kunstgrasdekke.
Sunnylven skulekorps var på plass og skapte ekstra stemning på stadion.
Sunnylven skulekorps var på plass og skapte ekstra stemning på stadion.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380