Lokalnytt

Rodde kyrkjevegen.

På tur frå Hellesylt til Geiranger, frå venstre Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Vik og Svein Runde.
På tur frå Hellesylt til Geiranger, frå venstre Håkon Elias Kjellstad, Andreas Nybø Støverstein, Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Vik og Svein Runde.

Før han sluttar som sokneprest og går til stillinga som prost i Austre Sunnmøre prosti, hadde Svein Runde bestemt seg for å gjere det prestane måtte gjere i eldre tid, ro frå Hellesylt til Geiranger.


Fredag la han i veg frå Hellesylt saman med fire konfirmantar i færingen til Erling Ljøen. Denne færingen har Svein Runde nytta også tidlegare. Fyrste gong var i 1963 på veg til Oaldsbygda. Dei køyrde med bil til Ljøen og der i frå rodde han og foreldra med den same færingen som dei gjer unna fjordturen med.

Motivasjonen for å ro dei to mila frå Hellesylt til Geiranger var på topp då dei la i veg frå Hellesylt kl. 10.00 fredag. Mykje god proviant vart lasta ombord og presten sjølv leita fram den gamle svarte prestekjolen med krage. Det var som i gamle dagar.

Veret var bra og rundt klokka 12.30 var dei ved Korsen omlag midtvegs i Geirangerfjorden. Der omkom eit stort brudefølgje i uver for mange år sidan. Her hadde dei oppdrag å skjerpe opp korsen i fjellveggen med måling og det vart gjort.

”Storekniven”, ein kraftkar frå Geiranger rodde fjorden på to og ein halv time som visst nok er rekord. Vi satsar på fem timar,- sa Svein Runde.

Båten er ausa og klar for fjordturen med dei fem.
Båten er ausa og klar for fjordturen med dei fem.
Provianten er lasta og Svein Runde har teke på den gamle prestekjolen.
Provianten er lasta og Svein Runde har teke på den gamle prestekjolen.
Ut frå småbåthamna og to mil rotur ventar.
Ut frå småbåthamna og to mil rotur ventar.
Her blir Korsen, merket som er innhogd i fjellveggen måla og laga meir synleg. (Foto: Per Erik Dalen)
Her blir Korsen, merket som er innhogd i fjellveggen måla og laga meir synleg. (Foto: Per Erik Dalen)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380