Solfylt storstemne i Matvika.

"Fugleberget" i Matvika. (Foto: Inge Hole)

«Fugleberget» i Matvika. (Foto: Inge Hole)

I strålande sommarver sette mellom 8- og 900 personar kvarandre stemne i Matvika fyrste søndag i juni. Der hadde Storfjodens Venner si årlege samling, det 36 i rekka.

Det var fjerde gong organisasjonen Storfjordens Venner hadde sommarstemnet sitt på den idylliske og fruktbare fjordgarden ved innløpet til Geirangerfjorden. Om ikkje gardsdrifta er som i gamle dagar, er eigar Per Jarle Matvik og resten av familien der ofte og ser til hus og gard.

Søndag var Per Jarle Matvik i stemneflokken og fortalde frå gardshistoria, eit liv med mykje slit og lange arbeidsdagar for både unge og gamle.

Dominikanarpater Arnfinn Haram heldt stemnetalen. Haram er fødd og oppvaksen på Stranda og kjend i fjorden. Rett nok hadde han opplevd å gå seg vill saman med ein onkel ein gong, men fann vegen heim neste dag, fortalde han.
Arbeidet som Storfjordens Venner utfører gjorde han stolt av å vere sunnmøring. Han ønska organisasjonen til lukke i vidare restaureringsarbeid og la til; Verkelege storfjordvener blei ein fyrst om ein starta restaurering av eigne liv, sitt indre rom, det vart ei levande kulturpåvirkning, ei Matvik.
Arnfinn Haram fekk festlyden til å lytte. Det var ei reflektert tale, fint bunde saman med verbale bilete frå kristenliv og kvardagsstrev.

Sokneprest Svein Runde hadde ord for dagen, for tiande gong på eit storfjordstemne. Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal helsa frå kommunen. Han rosa organisasjonen for profesjonell haldning både i planlegging og utføring av restaurering. Storfjordens Venner kan regelverket og held seg til det, dei var gode ambassadørar, sa Inge Bjørdal.

Programmet i Matvika starta med høge tonar frå lurblåsarar frå Hellesylt Ungdomslag, Sunnylven skulekorps bidrog med flott korpsmusikk og til allsong i ”Gud signe vårt dyre fedreland”, og det var korsong med Tonika Stordal.

Styreleiar i Storfjordens Venner, Asgeir Kvernberg leia det heile. Frå arbeidet i organisasjonen orienterte Odd Normann Hoff. Ein del arbeid var i ferd med å bli avslutta som restaurering av eit kvernhus i Oaldsbygda og ei rås i Gomsdalen. I august startar arbeidet ved Yste-Åkneset som er kalkulert til å koste kring 1. mill. kroner.

Under stemnet vart det selt rømmegraut, t-skjorter og lodd. På fjorden var det stor båttrafikk heile søndagen og både ferjene ”Bolsøy” og ”Veøy” og hurtigruta ”Nordkapp” helsa med høge tonar som gav gjenklang mellom fjella.
At heimtransporten frå Matvika ikkje var like velorganisert og laga lange køer gjekk ann å leve med i det gode veret.

Matvika var ein flott og varm stemnestad for Storfjordens Venner søndag.

Matvika var ein flott og varm stemnestad for Storfjordens Venner søndag.

Arnfinn Haram heldt stemnetalen.

Arnfinn Haram heldt stemnetalen.

Per Jarle Matvik fortalde frå gardssoga.

Per Jarle Matvik fortalde frå gardssoga.

Sunnylven skulekorps sette sitt preg på programmet med flotte korpstonar.

Sunnylven skulekorps sette sitt preg på programmet med flotte korpstonar.

Ein hoggorm tok livet svært med ro midt mellom stemnedeltakarar.

Ein hoggorm tok livet svært med ro midt mellom stemnedeltakarar.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380