15. juli 2026

Sommaravslutning ved Sunnylven skule

Avgangselevar, frå venstre Helge Kvam Karbø, Alf Helge Nessan, Pål Andre Lødøen Helset, Trygve Aaland Tryggestad, Kennet-Andre Hole, Markus T. Forbord, Ida Kristin Dyrkorn, Ivar Ringdal Sæter, Erik Hole.

Eit nytt læringsår ved Sunnylven skule er over. Torsdag 16. juni var det sommaravslutning med program av elevane, bevertning og utdeling av vitnemål.

Elevane ved Sunnylven skule tek sommarferie til torsdag 18. august. Då er alle tilbake til eit nytt skuleår, unnateke ni av elevane på avslutningsfesten. Ida Kristin Dyrkorn, Eirik Hole, Alf Helge Nessan, Trygve Aaland Tryggestad, Ivar Ringdal Sæter, Kennet-Andre Hole, Markus Forbord, Pål Andre Lødøen Helset og Helge Kvam Karbø har alle fullført ti-årig grunnskule og fekk utdelt sine avgangsvitnemål.

Roar Seljeset og Kari Hauso Stadheim, begge frå skuleleiinga, delte ut vitnemåla. Det var med stoltheit og glede at vitnemåla vart overrakt til kjekke og flotte elevar, sa Seljeset mellom anna.
Og Kari Hauso Stadheim fylgde opp. Elevane hadde alltid hatt rom for alle og blikk for den enkelte. Her var berre vinnarar som alle hadde fått ein stor plass i hjarta til dei tilsette ved skulen.
I morosame vendingar takka dei ni for ti ”kjekke” år ved skulen, og overrekte gåver til lærarane sine.

Sommaravslutninga ved Sunnylven skule vart som vanleg ei triveleg kveldsstund. Storsalen var pynta med mykje dekorativt frå elevane sine formingstimar, og frå scena vart det famført både musikk, song og små sjølvdikta drama.
Sunnylven skulekorps opna festen med svingande korpstonar, og deretter kom aspirantane med sin minikonsert.
Elevane i 1. til 4. klasse hadde dramatisert fleire av Alf Prøysen sine viser, eit programinnslag som fekk stor applaus frå ein nær fullsett sal.
Mellomsteget gjorde mykje moro av dramatisering og besøk av ein kjent mediemann som intervjua fastbuande i Sunnylven.

Roar Seljeset leia avslutningsfesten og orienterte frå arbeidsåret ved skulen. Han kom også litt inn på planane for rehabilitering av Sunnylven skule og symjehall. Planane er no klare og blir behandla i kommunale organ der det blir opp til politikarane å løyve nødvendige pengar. Håpet er at ein kan kome i gong med eit sårt tiltrengt arbeid til hausten, og då går vi ei spanande tid i møte, sa Roar Seljeset.

1. til 4. klasse imponerte med sang og dramatisering av Alf Prøysen-viser.
1. til 4. klasse imponerte med sang og dramatisering av Alf Prøysen-viser.
Andreas Nybø Støverstein t.v.(Oddgeir Bruaset) intervjua lokale persona, Kristin Ringdal og Jørgen Sæter.
Andreas Nybø Støverstein t.v.(Oddgeir Bruaset) intervjua lokale persona, Kristin Ringdal og Jørgen Sæter.
Elevar frå 8. og 9. klasse
Elevar frå 8. og 9. klasse
Sunnylven skulekorps opna programmet. Etter speling ved opning av Streketunnelen dreg musikarar og leiarar til korpstreff på Gjøvik.
Sunnylven skulekorps opna programmet. Etter speling ved opning av Streketunnelen dreg musikarar og leiarar til korpstreff på Gjøvik.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →