To trailerlass til Litauen

Nesten to fulle trailerlass vart resultatet av Lions Club si innsamling i april og mai. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Nesten to fulle trailerlass vart resultatet av Lions Club si innsamling i april og mai. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Tidleg i juni vart fyrste trailer med hjelpesending til Litauen lasta opp på Hellesylt. Innsamlinga til Lions Club resulterte i fullt bedehuset og meir enn eitt stort billass.


Under innsamlinga i april og mai var det enkelte som leverte 20 sekkar fulle med klede og bruksting, fortel Olga Taraldset, president i Lions Club Hellesylt. Også syklar og ski kom inn.
I bedehuset på Hellesylt som var oppbevaringsstad var det eit ”berg” av plastikksekkar, nær 300 til saman. Det vart for mykje å få med i eitt billass, så 18. juni var traileren tilbake på Hellesylt og henta resten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380