Lokalnytt

Veg og Streketunnel opna

Samling framfor nye Streketunnelen, skuleborn, barnehageborn og politikarar.
Samling framfor nye Streketunnelen, skuleborn, barnehageborn og politikarar.

Ny veg frå Høgebru og ny Streketunnel på fylkesveg 60 vart offisielt opna fredag 17. juni. Mange frammøtte, mellom dei både skuleborn og barnehage overvar den offisielle markeringa ved nyetunnelen.


Med korpsmusikk og norske flagg vart fyrste byggesteg rassikring av Ljøvegen opna. Også turistferja på fjorden ville ta del i markeringa og gav seg til kjenne med kraftige lydsignal. I talane som følgde kom klart fram at dette var ei kjærkoma nyvinning innan samferdsel.

Tredje byggesteg må kome
-Å få vere med på å opne ein rastrygg veg er noko av det største i mi tid som ordførar, sa Frank Sve mellom anna. Han gratulerte alle, ikkje minst i Sunnylven og Hellesylt. Det har blitt jobba lenge med å få sikra denne strekninga, men kanskje har vi ikkje vore faste nok i klypa, sett oss tungt nok på pengesekken, la ordføraren til.
No var neste byggesteg godt i gang, og det tredje må kome fortløpande. Om ikkje er det ei tapt sak for regjeringa, men det er litt opp til oss sjølve, sa Frank Sve som tykte vegen og tunnelen hadde blitt flott.

Brukte sauesaks
Flott veg tykte også fylkesordførar Olav Bratland det hadde blitt. Han hadde æra av å klippe over det breie silkebandet i nasjonalfargar og erklære fyrste byggetrinn for ferdig. Til å kutte snora brukte Bratland ei god gamaldags sauesaks.
Snorklippet vekte applaus mellom dei frammøtte og ”Ja vi elsker” tona ut frå skulekorps frå Stranda og Sunnylven.

Viktig veg
-Det er heilt uakseptabelt om ikkje byggesteg tre kjem så snart to er ferdig. Vegen har stor gjennomgangstrafikk, det er ein livsnerve. I byggesteg tre ligg også Hamregjølet, kanskje det fårlegaste partiet på Ljøvegen-, sa fylkesordføraren.
Gjennom politiske alliansar har prosjekt fått si løysing, sa han og siterte visa ”Det er ittno som kjem ta seg sjølv”.
Mange har stått på for denne saka, og Bratland tok fram tre personar som har tykte fortente ros, tidlegare ordførar i Stranda Inge Gjerde, tidlegare redaktør i Sunnmøringen Helge Søvik og noverande ordførar Frank Sve.
Han takka alle som hadde jobba med denne vegsaka, både gjennom lokalt og politisk engasjement, og han gav ros til dei som hadde utført arbeidet. Streketunnelen var av meisterklasse, sa Olav Bratland.

Sparte kostnader
Fyrste byggesteg av rassikring av Ljøvegen starta 5. mai 2009 på ei strekning av 3.2 km, 1.2 km veg, 1.2 km. ny tunnel og vel 700 meter rehabilitering av eldre tunnel. Overskytande masse er det bygd rasvoll på Herdalen av. Det mest markerte landemerket er muren av naturstein i Helgesvingen, sa prosjektleiar Oddbjørn Pladsen som summerte opp fakta.
Det var lagt ned 130.000 arbeidstimar og brukt 15 mill. kroner under budsjettet på 243 mill. kroner. Sparte kostnader ville gå inn i andre byggesteg.
Oddbjørn Pladsen takka fleire, Stranda kommune, andre samarbeidspartnarar og ikkje minst fylkeskommunen. Han retta også takk til Statens Vegvesen og Kristen Leganger og Arne Olav Stavseng for god byggeleiing.

Fylkesordførar Olav Bratland klipte snora med ei sauesaks og erklærte nyevegen for opna.
Fylkesordførar Olav Bratland klipte snora med ei sauesaks og erklærte nyevegen for opna.
Mellom mange frammøtte var også skuleborn med norske flagg. Også skulekorpsa frå Stranda og Sunnylven var på plass og skapte god stemning.
Mellom mange frammøtte var også skuleborn med norske flagg. Også skulekorpsa frå Stranda og Sunnylven var på plass og skapte god stemning.
Rikard Eide Ljøen reiser Ljøvegen til og frå skulen sommar som vinter. Han fekk vere med på opningsfest av fyrste rassikringa. Ordførar Frank Sve t.v. og fylkesordførar Olav Bratland.
Rikard Eide Ljøen reiser Ljøvegen til og frå skulen sommar som vinter. Han fekk vere med på opningsfest av fyrste rassikringa. Ordførar Frank Sve t.v. og fylkesordførar Olav Bratland.
-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380