Lokalnytt

Lovar balldag på Hægstad Gård

Jan Kåre Gustavsen har norsk mat på menylista ved Hægstad Gård.
Jan Kåre Gustavsen har norsk mat på menylista ved Hægstad Gård.

Jan Kåre Gustavsen heiter den nye kjøkkensjefen ved Hægstad Gård, Hellesylt. Det skal bli potetball kvar torsdag igjen, lovar han.


Når eg skal drive restaurant i Norge skal gjestane få norsk mat, seier Jan Kåre Gustavsen som nærmast vart beordra til Hellesylt like før Sommardagane. Han har fått ansvar for mattilbodet ved kunst- og servicesenteret Hægstad Gård ut sesongen.

Beordra heim
-Eg var i Tailand saman med min Oranee då eg fyrst fekk ein mail og litt seinare telefon. Korleis eg vart spora opp der veit eg ikkje, men ordren var å kome meg på raskaste måte til Hellesylt. Det var bruk for ny kjøkkensjef ved Hægstad Gård.

-Her på Hellesylt var det mykje å ta tak i. Det vart hektiske dagar spesielt helga med Sommardagar då besøket var svært bra. Og tilbakemeldingane på det vi serverer er hyggelege, både frå Sommardagbesøket og frå grupper på gjennomreise. Eg legg vekt på å tilby ein variert meny av norske rettar, både varme og kalde, seier Gustavsen som har erfaring som bakar, kondittor, kokk, og tre år som slaktar.

Menylista
Han viser fram ei menyliste som fristar og som vi tek med litt av. Karbonade av både elg og reinsdyr, reinsdyrbiff, entrecot, biff av indrefilet, steikt laks, steikt fjellørret, steikt ishavsrøye, hvalbiff, og på torsdagar potetball med tilbehør. Til alle rettane blir det servert grønnsaker, kokte poteter, bakte poteter eller pommes frites. Dagens middag med kaffi er nesten gratis, kr. 135.- Også barnemeny står på lista.
Frå dessert-kartet kan ein velje mellom multekrem, banasplitt eller karamellpudding som Gustavsen lagar sjølv frå grunnen av. På laurdag under Sommardagane gjekk det med tolv to-liters former av spesialiteten, fortel han.

Startar bakeri
Jan Kåre Gustavsen er frå Hoff i Vestfold. Til Hellesylt kom han frå jobb i Telemark og blir ved Hægstad Gård ut sesongen.
I september startar han opp med bakeri på Stranda saman med Oranee som blir sjefen, seier han.
Kanskje blir det turar mellom verksemdene på Stranda og Hellesylt ut over hausten også, men så langt fram er ikkje noko bestemt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380