Sommaravslutning i ”indianarleir”

  • doc_2237_2
  • doc_2237_13
  • doc_2237_14
  • doc_2237_15

 

Det var ingen krigsdans, men berre venlegsinna indianarar som møtte slekt og vener til sommaravslutning i Sunnylven Barnehage torsdag. Ei triveleg stund med servering, litt underhaldning, og utan regn.

Sunnylven Barnehage tek fellesferie frå 8. juli. Ei veke tidlegare var det sommaravslutning der foreldre og andre slektningar til dei 35 borna var invitert.
På uteområdet vart det servert saft, kaffi og kaker, og heile tida med stor aktivitet mellom dei unge. Tydeleg mykje moro å finne på for brukarane i dei to avdelingane, Blåbærtua og Trollhola.

Også dei to Shetlandsponniane Beauty og Ungill var på plass og gjorde mange turar med cowboyar på ryggen.
Som siste innslag på sommaravslutninga framførte ”indianarkoret” fleire songar under leiing av betjeninga.

Hilde Langlo Brekke er styrar ved Sunnylven Barnehage der 35 born har hatt plass det siste året. Til hausten skal åtte ta til ved Sunnylven skule og fem nye kjem inn i barnehagen.
8. august er fyrste arbeidsdag for betjeninga i Sunnylven barnehage etter ferien og dagen etter er borna på plass til eit nytt barnehageår, fortel Hilde Langlo Brekke.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380