LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2011

Sommarens første fjellflygarar

Frode t.v., Amanda og Even var dei aller fyrste som flaug ned frå Helsetkopen i sommar.
Frode t.v., Amanda og Even var dei aller fyrste som flaug ned frå Helsetkopen i sommar.

Even Flo, Frode Johannessen og Amanda frå San Fransisco vart dei aller fyrste som testa arena Helsetkopen før konkurransane under Sommardagar på Hellesylt. For Amanda var hoppet det aller fyrste frå dette fjellet.


Det var sol og vindstille på toppen då dei sette utfor onsdag. Perfekte forhold med andre ord, meinte dei tre.
For Amanda som er i Norge for tiande gong og hoppar, var det ei stor oppleving, Veldig flott, og visuelt var Helsetkopen den råaste plassen ho har hoppa på. Utspranget i den høge kupa med den smale ”munnen” som ein flyg ut gjennom har ho aldri opplevd andre stader.

Amanda har drive sporten i ti år, har hoppa i fallskjerm i fjorten år og hoppar mest frå høge bygningar og bruer. Ho har gjort mange hopp i fjellet Kjærag i Rogaland.
Amanda skal ikkje delta i konkurransane under Sommardagane, men blir med og hoppar for moro og som oppvisning.

Delta skal derimot Frode Johannessen frå Voss. Etter sigrar to år på rad i Helsetkopen, er han å rekne som ”kongen av Kopen”. Den tittelen vil han nok gjere alt for å behalde.
Even Flo, Stryn landa også trygt ved Helsetvatnet, men han skal ikkje delta i World Base Race. Han har oppdrag under arrangement i Stryn til helga.

At vermeldinga for Sommardag-helga ikkje er god, bekymrar litt. Regn er ikkje bra, då blir det berre eitt hopp, for utstyret må tørkast før pakking og bruk igjen, seier Even Flo.

Amanda på veg til landing etter sitt aller fyrste hopp frå Helsetkopen.
Amanda på veg til landing etter sitt aller fyrste hopp frå Helsetkopen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380