Lokalnytt

Storlaksen beit i Fløtehølen

Håvard Kaland, Sykkylven hadde truleg to av sine mest spanande timar i livet då han fekk storlaks i Korsbrekkeelva. 13.2 kilo vog ruggen som er den største så langt i år.


Storlaksen slo til i Fløtehølen, ein liten kilometer frå elveosen. Og det vart eit basketak for den 14 år gamle laksefiskaren å få ruggen på land. Mange kom til for både å sjå og hjelpe, for laksen han ville tilbake til sjøen igjen.
Etter to timar og heilt nede i elveosen fekk basketaket ein lukkeleg slutt. Håvard Kaland kunne puste ut med årets største laks trykt på land.

Korsbrekkeelva er rekna som ei av dei beste på Sunnmøre. Fangstane i juni kan tyde på at det er rett, for fisket har vore eventyrleg, det beste på svært mange år, seier leiar i elveeigarlaget Ragnar Kaland.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380