Lokalnytt

Trimma til Nokkenibba

 

Laurdag 2. juli vart trimposten på Nokkenibba offisielt opna. 21 spreke trimmarar inntok den 1380 meter høge toppen i strålande sommarver.

Foto: Per Svein Hole

Dårleg ver skapte problem for trimgruppa i Sunnylven IL med opninga på Nokkenibba. Men etter to utsetjingar kom sommarveret og opningsseremonien vart annonsert. Med snorklipping vart den 26. trimposten til Sunnylven IL opna av tre unge trimmarar, Jakob Sæter, Sara Sæter og Kasper Ringdal.

Nina Hole, Inger Ann Nybø Vik, Leif Egil Åsen, Odd Inge Emdal og Svein Egil Wågbø vart vinnarar av spesiallaga t-skjorter.

Utfordringa med trimtur på nær fire timar opp brattene frå Hellebostad tok 21 unge og eldre, melder leiar i trimgruppa, Per Svein Hole.
Trimturen til Nokkenibba, som er en 26. posten til Sunnylven IL og gjev 20 poeng, vart ei fin oppleving.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380