Lokalnytt

Tur til Sørområdet (Nærøyfjorden)

Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med kommunen har laga eit opplegg for ein tur til sørdelen av verdsarvområdet. I programmet kan du lese meir om opplegget. Det er eit førebels program, men datoane er fastlagde. Meld deg på til Næringsavdelinga v/Bjørdal så snart du har bestemt deg.


Innhaldet er svært relevant også for dei som ikkje er innafor verdsarvområdet (div. næringsutviklingstiltak m.m.), og vil vere ei fin oppfølging av bygdemobiliseringa.

Programmet – med atterhald om endringar
Torsdag 1. september:
10.45. Frammøte og innsjekk Flåmsbrygga Hotell, Flåm. (www.flaamsbrygga.no)
11.00. Velkomst ved Olav J. Ellingsen – ordførar Aurland kommune og nestleiar i
Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.
– Presentasjonar av deltakarane.
– Orientering om program og framdrift
11.30. Lunsj
12.15. Avreise Flåmsbrygga med felles buss til Undredal.
Lokalt vertskap møter bussen på Langhuso og vert med ned dalen.
12.30. Underdal Stølsysteri – Orientering og omvisning ved dagleg leiar.
(www.underdalsost.no)
13.15. Avreise Stølsysteriet.
13.30. Underdal sentrum / visningssenteret – orienteringar
og høve til samtale, spørsmål, dialog mellom reisefylgjet/ brukarane
i Underdal. Smaksprøvar og handling i butikken.
14.30. Avreise Underdal til Gudvangen med RIB- båtar. (Flåm Guideservice –
www.flamguide.no)
15.00. Kort stopp ved grenda Bakka ved Nærøyfjorden.Ilandstigning ved
kyrkjekaien. Kort fottur til skulehuset. Orienteringar om drifta ved ”avtalepartane” SveinTufte/OlavStalheim ( geiter,mjølkeprod.).
Servering av matpakke frå SAKTE-alliansen. (www.sakte.no)
15.45. Avreise Bakka
16.00. Til Gudvangen. Buss vidare opp Nærøydalen.
16.15. Stopp ved anten Aadnekvam/ Hylland/ Jordalen (storfe, mjølkeprod.) for
presentasjon og orientering om drifta/ driftstilhøva.
17.00. Avreise Nærøydalen via Stalheim – Stalheimskleiva – til Flåm. (Her kan ein
om ynskjeleg legge inn ein stopp hjå Sivle Gard som ligg på dørhella til
verdsarvområdet – www.sivlegard.com
18.00. Til Flåm.
20.00. Felles middag og sosialt samvær Furukroa/ Ægir Bryggeri.

Fredag 2. september:
08.30. Utsjekk og avreise Flåmsbrygga Hotell, Flåm.
09.00. Oppmøte Otternes Bygdetun. Velkomst og orientering ved vertskapet.
(www.otternes.no )
10.00. Orienteringar, status, samtaler og drøftingar i høve fylgjande tema:
– Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap
– Nærøyfjorden Verdsarvpark – www.naroyfjorden.no
– Tiltaksplan for kulturlandskapet i Vestnorsk fjordlandskap – status/
utveksling av røynsler og vidare framdrift..
– Neste felles samling i Geirangerfjordområdet.
12.00. Lunsj – ein smak av verdsarven.
13.00. Avreise Aurland.

(denne artikkelen vart publisert utan nøyaktig dato på hellesylt.no, under juli 2011)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380