Damekamp utsett

Seriekamp Sunnylven - Stranda 8. juni.

Seriekamp Sunnylven – Stranda 8. juni.

Damekampen mellom Sunnylven og Herd på Hellesylt stadion onsdag 31. august er utsett. Ny dato er ikkje bestemt.

Begge lag er blitt samde om å utsetje toppoppgjøret i 3. div. kvinner. Herd ligg på andre plass på tabellen med 23 poeng. Sunnylven er nr. fire med 20 poeng og ein kamp mindre spela. Suveren serieleiar er FK Sykkylven med 33 poeng.
Nest kamp for Sunnylven sitt damelag blir onsdag 7. september borte mot Langevåg.

Herrer 5. div.
Sunnylven herrer spelar kamp på Hellesylt stadion torsdag 1. september mot serieleiaren i 5. div. avd. 2, Hessa/SIF2. Kampen går kl. 18.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380