Lokalnytt

Flofjellet, ein turfavoritt

Parkeringsplassen like forbi Vollset har ofte for liten kapasitet for turgåarar til Flofjellet.
Parkeringsplassen like forbi Vollset har ofte for liten kapasitet for turgåarar til Flofjellet.

Vegen over Flofjellet frå Vollset i Sunnylven til Flo i Stryn blir gått av mange i løpet av sommaren. To trimpostar, i Stegholen og ved Nedstevatnet er av dei aller best besøkte.


Vegen over Flofjellet har frå gamalt av vore ei samferdselsåre mellom Vollset og Flo. Vegen over fjellet er slakt stigande frå Vollset, men bratt ned til Flo og tek kring tre timar. På den sju kilometer lange strekninga får ein oppleve eit variert og levande landskap med vatn, fossestryk, høge fjell, husdyr og ein flora med mange sjeldne plantar.

Berre deler av Flofjellvegen er køyrande, men god som gang og sykkelveg. Vegen blir nytta mykje av både fastbuande og cruiseturistar.

Nyleg vart den årlege friluftsgudstenesta halden på Flofjellet. Mange, truleg over hundre personar tok søndagsturen sin i det flotte naturområda, både til fots og på sykkel.
I Stegholen har trimgruppa i Sunnylven IL lagt ut ny poengbok, den første er utskriva for lenge sidan.
Gjennom heile sommaren har turistar frå cruiseskip gjort sitt inntog over Flofjellet. På to dagar no fyrst i august frakta åtte turistbussar reisande til Vollset som skulle gå over Flofjellet til Flo.
Flofjellvegen er ein turistmagnet der tusenvis store og små får oppleve vakker norsk natur.

Idyllisk ved Nedstevatnet.
Idyllisk ved Nedstevatnet.
Ved Stegholsvatnet.
Ved Stegholsvatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380