Grendahus i ny drakt

Leiar i grendalaget, Inge Bjørdal t.h. og styremedlem Reidar Brekke sytte for velsmakande grillmat til 40 frammøtte.
Leiar i grendalaget, Inge Bjørdal t.h. og styremedlem Reidar Brekke sytte for velsmakande grillmat til 40 frammøtte.

Styret i Sunnylvsbygda grendalag kunne invitere til grillfest i nyoppussa hus sist laurdag. Kring 40 frammøtte fekk sjå det tidlegare skulehuset på Hauge i ny ”drakt”.


Både snekkarar, målarar og andre handtverkarar har utført mykje godt arbeid i grendahuset på Hauge dei siste månadane, det aller meste på dugnad.
Leiar i styret for Sunnylvsbygda grendalag, Inge Bjørdal kunne vise fram eit staseleg grendahus etter oppussinga. Det var naudsynt, men har kosta sjølv om medlemane har lagt ned mange timar gratisarbeid.

I den store møtesalen er himlingen senka ned og alt er nymåla i ljose fargar. Der er tilrettelagt for bruk av AV-utstyr. Nye gardiner er på plass og all installasjon er fornya.

Sunnylvsbygda grendahus er godt eigna til små og store arrangement og feiring av høgtidsdagar. Søknad om å nytte huset skal sendast til styret.

Styremedlen i grendalaget, Oddvar Tynes kunne vise fram ein storsal i ny drakt, kanskje ein av dei flottaste i Sunnylven.
Styremedlen i grendalaget, Oddvar Tynes kunne vise fram ein storsal i ny drakt, kanskje ein av dei flottaste i Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380