Lokalnytt

Gudsteneste på Flofjellet

Prestevikar Anne Line Kroken ønska vel møtt og heldt preika under årets gudsteneste på Flofjellet.
Prestevikar Anne Line Kroken ønska vel møtt og heldt preika under årets gudsteneste på Flofjellet.

Søndag sette kyrkjefolk frå Stryn og Sunnylven kvarandre stemne på Flofjellet. Gudstenesta var ved prestevikar Anne Line Kroken og samla vel 30 unge og eldre.


Frå Hellesylt til kyrkjestaden oppe på Flofjellet er det to mil. Turen til fots frå Vollset tek 90 minutt i vanleg turtempo.

Før 1940 var samlinga på Flofjellet årviss, men i åra fram til midt på 70-talet låg det nede.
No har sommartreffet mellom folk frå Stryn og Sunnylven blitt tradisjon igjen.

Søndag 7. august var det prestevikar Anne Line Kroken som ønska vel møtt til gudstenesta på den faste staden på fjellet.
Innleiingsvis minte ho om det forferdelege som skjedde for 16 dagar sidan under terroraksjonen i Oslo og på Utøya der også Stryn mista ein av sine unge.
Midt i sorga var det viktig å møte hat med kjærleik, at landet vårt ikkje måtte bli mindre ope og mindre demokratisk, sa ho.
-Mange søkjer til kyrkja i sorga, for Gud har djup omsorg for alle menneske. Også menneske imellom har mykje å gje og som vi kan dele med kvarandre, sa Anne Line Kroken mellom anna.

Som vanleg var det mykje song under friluftgudstenesta på Flofjellet som opna med ”Nå er det morgen, tåkene letter”, og med ”Fagert er landet” som avslutning.

Rundt 30 unge og eldre deltok i friluftsgudstenesta på Flofjellet. Etterpå kunne alle nyte medbrakt niste i fint sommarver.
Rundt 30 unge og eldre deltok i friluftsgudstenesta på Flofjellet. Etterpå kunne alle nyte medbrakt niste i fint sommarver.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380