Kom langt i Norway Cup

Glade Sunnylven-jenter etter flott innsats i Norway Cup. Framme frå v: Kristin, Anne Grete, Nanna. Bak frå v: Veronica, Johanne, Ingrid, Inga, Anette, Irene. (Foto: Privat)

Glade Sunnylven-jenter etter flott innsats i Norway Cup. Framme frå v: Kristin, Anne Grete, Nanna. Bak frå v: Veronica, Johanne, Ingrid, Inga, Anette, Irene. (Foto: Privat)

Sunnylven sitt J14 deltok i Norway Cup og imponerte. Laget gjekk vidare frå innleiande i a-spelet, men rauk ut med tap i 1/8-dels finalen.

Opningskampen søndag gjekk mot Skjoldar og enda uavgjort 2-2. Inga Vik skora Sunnylven sine mål.

Måndag var Oppdal motstandar. Her vart det siger med heile 4-0. Skorarar var Inga Vik, Kristin Ringdal, Anette Frøysa og Veronica Øksvang.

I tredje kamp i Norway Cup møtte laget Follese, eit lag som hadde vunne alle sine kampar til då. Sunnylven tapte kampen 0-4.

Deretter var Mauseidvåg/Solevåg, laget som var på andre plass i gruppa motstandar. Ein jamn kamp som enda med 2-1 siger til Sunnylvs-jentene. Mål av Veronica Øksvang og Inga Vik.

Norway Cup-innsatsen var over all forventning og cupspel i 1/8 finalen venta. Til denne kampen hadde Sunnylven fått skade på spelarar og stilte redusert. Og der slutta fotballeventyret i Oslo for glade fotballjenter frå Sunnylven. Valder vart for gode og vann 4-0.
Dei to laga Sunnylven tapte for, Follese og Valder spela finalen i 7-er J14 fredag.

-Fantastiske dagar i Norway Cup, fortel oppmann Mariann Frøysa. -Alle trudde vi kom til å tape mykje her, for laget hadde ikkje vunne mange seriekampar heime før vi reiste til Norway Cup. Turneringa vart ein opptur både sportsleg og med mykje triveleg samvær, så dette vil nok stimulere til meir og betre trening i tida framover. Då har vi mykje god rekruttering til damelaget neste år, sluttar Mariann Frøysa.

Sunnylven J14 deltok i 7-er klassa med desse spelarane:
Nanna Frøysa Hellebostad, Inga Elise Vik, Anette Frøysa, Irene Trøen Frøysa, Anne Grete Langleite, Kristin Ringdal, Ingrid Hole, Johanne Tryggestad, Veronica Øksvang.

Trenarar: Jens Vik og Lillian Aasheim. Oppmann: Mariann Frøysa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380