Lokalnytt

Norsk meny fall i smak

Fleire reisegrupper har besøkt Peer Gynt Galleriet og blitt svært begeistra over kunsten dei har fått sett.
Fleire reisegrupper har besøkt Peer Gynt Galleriet og blitt svært begeistra over kunsten dei har fått sett.

Kjøkkensjef ved Hægstad Gård, Hellesylt, Jan Kåre Gustavsen har hatt godt med besøk i restauranten med norsk på menyen. Torsdag 1. september avsluttar han sesongen med servering av potetball.


Komande torsdag blir døra stengd og sesongen er over ved service-og turistsenteret Hægstad Gård. Avslutningsmenyen er så norsk som den kan få bli, nemleg potetball.

Fantastisk kunst.
Hægstad Gård på Hellesylt huser også kunstnaren Oddvin Parr sine unike utskjeringar av Peer Gynt relieff.
Fleire grupper reisande, både norske og utanlandske har vore innom med Kari Hauso Stadheim som omvisar.
Ein utruleg kunstskatt, er kommentarane etter besøka.
Sist søndag var ei bussgruppe frå Bergen innom og drog begeistra vidare.
-Her får vi oppleve to fantastiske ting. Fyrst høyre frå historia Peer Gynt, deretter få sjå dei utruleg flotte utskjeringane til Oddvin Parr. Dette er kunst av sjeldan klasse-, var ein av kommentarane i reisefylgje.

Nyleg var ei bussgruppe frå Bergen innom og fekk omvising av Kari Hauso Stadheim.
Nyleg var ei bussgruppe frå Bergen innom og fekk omvising av Kari Hauso Stadheim.
Hægstad Gård stengjer for sesongen torsdag 1. september.
Hægstad Gård stengjer for sesongen torsdag 1. september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380