Prost Svein Runde tilbake

Når Anne Line Kroken sluttar som prestevikar i Sunnylven og Geiranger, deler prost Svein Runde og pensjonert prest Nils Beite på tenestene i kyrkjelydane ut året.


Tidlegare sokneprest i Sunnylven og Geiranger, prost i Austre Sunnmøre prosti Svein Runde er no busett på Ørskog.
I perioden fram til 18. september vil han fungere som prest i sine to tidlegare kyrkjelydar. 11. september held han si avskjedsgudsteneste i Geiranger, og 18. september i Sunnylven kyrkje.

Deretter vil pensjonist Nils Beite, Spjelkavik vikariere ut året, fortel Svein Runde som fortel at stillinga vert lyst ut i håp om å få tilsett ny sokneprest.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380