Lokalnytt

Siste dag med Veøy

Onsdag gjekk Veøy siste turane på Verdsarvfjorden denne sommaren. Her er mannskap i land på Hellesylt, frå høgre Kjell Øverland, kaptein Lars Storås, Marte Engjaberg, Tony Pettersen og Hans Erik Meek.
Onsdag gjekk Veøy siste turane på Verdsarvfjorden denne sommaren. Her er mannskap i land på Hellesylt, frå høgre Kjell Øverland, kaptein Lars Storås, Marte Engjaberg, Tony Pettersen og Hans Erik Meek.

Onsdag 31. august var siste dag på Verdsarvfjorden for turistferja Veøy. 18.30 gjekk siste tur frå Hellesylt til Geiranger og dermed var tre månader ferjecruise slutt for denne sommaren.


Gjennom sommaren har det blitt snart 400 turar att og fram mellom Geiranger og Hellesylt for turistferja Veøy. Ferja som vart bygd i 1974 og rusta opp på 90-talet har gjort jobben gjennom ein sommaren som har går fort, seier kaptein Lars Storås.
Fort går nok vinteren også, og 1. juni neste år er turistferja og mannskap tilbake i den same ruta. Det gler dei seg til.
Sjølv om veret har vore elendig har det vore auke i trafikken i høve til i fjor, spesielt med passasjerar. Det har blitt fleire bussreisande, spesielt asiatar og då koranske turistar, seier Storås.

Pensjonistcruise
Nyleg var bebuarar ved Sunnylven omsorgsenter på ”svelecruise” på fjorden med Veøy. På nest siste turen onsdag var pensjonærar og deler av betjeninga ved Geiranger omsorgsenter med på ein liknande tur til Hellesylt og tilbake.

Onsdag kveld gjekk Veøy frå Geiranger til Magerholm. Frå Magerholm skulle båt og mannskap gå ferjecruise med pensjonistar til Molde dagen etter, før båten blir i opplag og som beredskapsferje i Kristiansund.

Mellom Hellesylt og Geiranger går turistferja Bolsøy til 30. september. Det blir fire daglege avgangar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380