Sommarjobben som prestevikar over

Anne Line Kroken har vore prestevikar denne sommaren. Eg har gode minner frå Hellesylt, seier ho.

Anne Line Kroken har vore prestevikar denne sommaren. Eg har gode minner frå Hellesylt, seier ho.

Frå midten av juni har Anne Line Kroken vore prestevikar i Sunnylven og Geiranger. Søndag held ho si siste gudsteneste i Sunnylven kyrkje denne sommaren.


Det har vore to opplevingsrike, men også travle månader, seier 25 år gamle Anne Line Kroken med slektsrøter frå Hornindal. Også i fjor hadde ho sommarjobb som prestevikar, då i Olsvik nær heimstaden i Bergen.

-Det har blitt mykje jobb gjennom sommaren, meir enn eg forventa sjølv om her ikkje bur så mange folk. Eg har gode minner frå Hellesylt, alt har gått greitt, det har vore eit avslappa forhold og folk har vist omsorg, seier ho.

Ho er ikkje så fornøgd med veret på Hellesylt denne sommaren, det har regn mykje, men under dei mange friluftsgudstenestene har det vore fint. Både i Moldskreddalen, på Høgreiten, Ljøbrekke, på Flofjellet og i Valldal har sola varma.
I tillegg til to kyrkjelege gudstenester, har det blitt fleire gravferder og barnedåp under den to månader lange sommarjobben.

Aktiv i idrett
Anne Line Kroken har spela fotball, men ikkje no lenger sjølv om ho fortel at ho slengte seg med på ei trening på Hellesylt stadion. Ho stilte til start i Hellesyltløpet under Sommardagane, og vart sist. Det tek ho med eit smil og ein liten kommentar.
–Når eg løp Hellesyltløpet skjønte eg at dei andre ikkje var så ivrige bibellesarar, for eg var den einaste som visste at ”den siste skal bli den fyrste”.
Under Sommardagar på Hellesylt fekk ho oppleve det meste av underhaldning og folkeliv, men etterpå vart det litt stille, tykte ho.

Siste preike søndag
No er snart prestevikarjobben slutt. Etter ein tur til Bergen er det Oslo igjen, før ein liten ferieturen til USA. Så er det tilbake til Oslo og siste året på Menighetsfakultetet og studier kring kirkehistorie og systematisk teologi. Det er fag ho gjennom sommarjobben har oppdaga at ho vil lære meir kring.

Til våren er det ut i praksis igjen for den nyutdanna presten før ho søkjer seg fast jobb. Kvar det blir er uklart i dag.
Komande søndag held Anne Line Kroken si siste gudsteneste i Sunnylven kyrkje. Ho håper mange kjem slik at ho får ta farvel med flest mogleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380