Tidleg lauvfall skuldast bjørkerust
Det har blitt tidleg lauvfall på ein del bjørketre denne hausten. Årsaka er ein soppsjukdom, ”Melampsoridium betulinum”, eller bjørkerust.
I leksikon er bjørkerust omtala. Soppen angrip blada på treet som på undersida får gule prikkar og fører til tidleg haustfarging.
Bjørkerustsoppen er egentlig vertvekslande mellom lerk og bjørk. Soppen overvintrar i knoppane på bjørka, og smittar der ifrå dei nye blada tidleg på sommaren.
Soppen gjer vanleg vis liten skade, men ved ein fuktig forsommar og varmt ver med høg luftfuktigheit gjennom sommaren kan det bli betydelege angrep, ofte i høgareliggjande skog.
Kraftig angrep fører til tidleg bladfall, noko som kan redusere treets tilvekst.
Enkelte tre er meir mottakelege for sjukdomen enn andre, heiter det i omtalen i Store norske leksikon.