Lokalnytt

Hellesylt brannstasjon
Hellesylt brannstasjon

I høve brannvernveka 2011 blir det open dag på Hellesylt brannstasjon i Ringdalsåsen laurdag 24. september. Både born og vaksne er velkomne.

Den nye brannstasjonen på Hellesylt ligg i Ringdalsåsen og vart teken i bruk i 2010. Mykje nytt og godt utstyr kom saman med nybygget, mellom anna fleire bilar av nyare dato.

Laurdag 24. september blir det open brannstasjon for born og vaksne mellom kl. 11.00 og 14.00 med høve til å både sjå og prøve ein del av utstyret.
Det blir spyling med brannslange, prøvesitjing av brannbilar, sløkking av brann med handsløkkeapparat og demonstrasjon av smultbrann.

På brannstasjonen blir det også servering av bollar, saft og kaffi, og utdeling av caps`ar til alle born, opplyser brannmeister i Stranda, Inge Teigen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380