Lokalnytt

Artig med hinderløype

Ingrid Tykhelle Kayser meistra løypa på imponerande måte.
Ingrid Tykhelle Kayser meistra løypa på imponerande måte.

Mange av stemnedeltakarane tok utfordringa og reiste til Åsen for å prøve seg i hinderløypa der. Ingrid frå ungdomslaget Haugen viste spenst, mot og styrke og kom gjennom heile løypa.


Hinderløypa i Åsen går høgt oppe mellom store furutre. Der er balase på stokk, gange over Burmabru og forsering av plattformer som svaier ukontrollert i vaier.
Rundt ti deltakarar ville prøve løypa. Alle blei sikra med hjelm og klatresele til vaier med to stropper. I tillegg var fire instruktørar på plass for å kontrollere sikkerheita.

Det vart ei stor utfordring for mange. Berre ei jente kom gjennom heile løypa og det på ein imponerande måte.
Ingrid Tykhelle Kayser frå Eid og ungdomslaget Haugen forserte alle hinder og tok seg tilbake same vegen. Rett nok ramla ho ned frå ein av dei fritthengande plattformene, men med armstyrke og akrobatikk tok ho seg opp igjen. Det er fyrste gong instruktør Jostein Ringdal har sett at deltakarar har klart.

Vi møtte Ingrid dagen etter og då kunne ho fortelje at ho dreiv mange fritidsaktivitetar, mellom anna dans, musikk og turning. Det var ein artig dag i hinderløypa, tykte ho og som ho kunne tenkt seg å prøve fleire gonger.

Det er høgt og luftig til apparata der deltakarane fekk prøve seg på balansekunst
Det er høgt og luftig til apparata der deltakarane fekk prøve seg på balansekunst

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380