Damekampen avlyst

Damekampen mellom Sunnylven og Spjelkavik vart på nytt avlyst. Storklubben Spjelkavik makta ikkje å stille lag.


For andre gong blir oppgjøret mellom Sunnylven og Spjelkavik sine damelag avlyst. Spjelkavik hevdar dei ikkje hadde nok spelarar til å stille lag.
Kampen skulle bli spela på Hellesylt stadion i kveld søndag 11. september.

Trenar for Sunnylven, Hans Hole er frykteleg skuffa.
-Vi er ein liten klubb og hentar heim spelarar frå fleire stader på Sunnmøre og frå Oslo til kamp. Det har vi gjort til denne kampen også, og så kjem beskjeden frå motstandar fire timar før avspark at dei ikkje kan stille lag. Dei har då eit jentelag også.
Vi må nesten oppfatte det slik at dei synest det er for langt å reise til Hellesylt for å spele fotballkamp-.

Denne kampen blir ikkje aktuell å spele etter to avlysningar, seier Hole. Han trur resultatet blir sett til 3-0 siger til Sunnylven som også får alle poenga.

Neste kamp for Sunnylven sitt damelager mot FK Sykkylven på Hellesylt stadion onsdag 14. september.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380