Lokalnytt

Ei ferje full av sauer

Ferja "Vestveg to" var stappa full av sauer då den kom til kai på Hellesylt.
Ferja «Vestveg to» var stappa full av sauer då den kom til kai på Hellesylt.

Søndag kom ferja ”Vestveg to” til kai på Hellesylt stappfull av sauer. Sankarhelga for dei to sauebøndene, Per Kjell Leite og Jan Ove Tryggestad hadde vore rekordgod.

I mai vart 380 sauer og lamm frakta til Oaldsbygda for sommarbeite, ein hamnedal Jan Ove Tryggestad og Per Kjell Leite har brukt kvart år sidan 2002.
10-års jubileet vart suksessfullt. Aldri før har dei sanka og hatt med så mange dyr heim etter fyrste sankarhelg som i år. På ferja ”Vestveg to” var rundt 350 dyr då dei la til kai på Hellesylt søndag.

Ni mann i spesiallaga t-skjorter hadde saumfare beiteområdet i Oaldsbygda og andre nærområder frå fredag til søndag.
-Vi har med mange dyr. Tilveksen på lamma er sjølvsagt varierande, men den er jamt over av det beste vi har henta heim nokon gong, sa Jan Ove Tryggestad.
Det blir fleire turar til beiteområdet i Storfjorden, for dei hadde sett meir dyr, og som ikkje kom med denne gongen.

Frå Hellesylt vart sauene frakta heim til Tryggestad med bil der det venta gode hå-beiter då veret har hindra bøndene å hauste avlinga maskinelt.

Etter kvart skal slaktedyra skiljast frå og sende til slakteribedrifta Ole Ringdal a/s på Hellesylt. Her skal dei klippast før slakting.
Ein ting er sikkert, mange gode grytemiddagar og mykje god julemat ventar av beitedyra frå Oaldsbygda.

Sankarlaget i spesiallaga t-skjorter i høve ti-års jubileet
Sankarlaget i spesiallaga t-skjorter i høve ti-års jubileet
Ole Ringdal a/s hadde fleire bilar og sjåførar på kaia på Hellesylt for å køyre sauene heim til Tryggestad.
Ole Ringdal a/s hadde fleire bilar og sjåførar på kaia på Hellesylt for å køyre sauene heim til Tryggestad.
-
Saueklipparane Dan Waterman t.v. og Sam Beven har klipt sauer ved Ole Ringdal a/s i høvesvis 17 år og 9 år.
Saueklipparane Dan Waterman t.v. og Sam Beven har klipt sauer ved Ole Ringdal a/s i høvesvis 17 år og 9 år.
Mange skodelystne, også ein heil turistbuss var på kaia på Hellesylt og såg på heimkomsten.
Mange skodelystne, også ein heil turistbuss var på kaia på Hellesylt og såg på heimkomsten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380