Hellesylt-bilete på femte plass

Karoline Aaland kom på femte plass med dette biletet av Hellesylt.

Karoline Aaland kom på femte plass med dette biletet av Hellesylt.

Med bilete av Hellesylt kom Karoline Aaland til finalen i Bergene Melk sin fotokonkurranse. I kåring av Norges vakreste sted vart det femte plass av 2973 innsendte bidrag.


Karoline Aaland tok biletet av Hellesylt i juli under Sommardagar på Hellesylt 2008.
I ein liten omtale prisa ho staden med det idylliske sentrum.
Ho har møtt folk rundt om i landet som har vore innom og hugsar godt den vesle staden, som Karoline kallar ei perle.

Biletet vart fylkesvinnar i Møre og Romsdal og seinare plukka ein fagjury ut seks bilete frå fylkesvinnarane til finalen. Her kom Karoline Aaland sitt bidrag med og fekk til slutt ein flott femte plass.

Det var kniving heilt til slutt om sigeren i konkurransen. Eit bilete frå Nordland vann knepent og fekk fyrsteprisen på 100.000,- kroner.

Karoline Aaland er langt frå skuffa over plasseringa.
-Det var artig å vere med og kome så langt med eit bilete som ikkje var forskjønna på nokon måte. Å bli fylkesvinnar og valgt ut til finaleomgangen av fagjuryen var meir enn ho forventa, og ho takkar alle som gav stemmer til biletet og på den måten var med å profilere vakte Hellesylt.
Premien Karoline får er masse sjokolade og eit lommekamera.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380