HUL feirer 100 år

doc_2408_2

Hellesylt Ungdomslag vart skipa i 1911. Laurdag 19. november blir det stor 100-årsfest med bygdefolk og inviterte gjestar til stades på Sunnylven samfunnshus.

Fredrik Stadheim – 27.09.2011 19:23:42


Det er ein ”sprek” 100-åring som jubilerer i november. Både dans og teater har vore populære aktivitetar og underhaldning har gleda både bygdefolk og andre. I jubileumsåret har laget 130 betalande medlemmer.

Festen var fyrst bestemt til 1. oktober, men måtte utsetast til 19. november for å få alt på plass til feiringa, fortel leiar Marianne Fivelstad. Då har jubileumsnemnda, som består av Wenche Ringdal, John Langeland, Jens Forbord, Anita Langeland og HUL-leiaren, både program frå scena, attersyn om aktiviteten og om tillitsvalde i laget, videoklipp frå skodespel og grendakveldar, og servering å by på, seier ho.

Det blir nesten som ein grendakveld, og alle er velkomne. Marianne Fivelstad håper bygdefolket merkar av datoen 19. november på kalendaren og møter fram.
Også mange blir invitert til jubileumsfesten, som blir avslutta med dans.

Meir om programmet for jubileumsfesten kjem seinare.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380