10. juli 2026

Kaifiskarar på Hellesylt

Kristine fekk den aller første fisken. Seinare kom fleire på land.
Kristine fekk den aller første fisken. Seinare kom fleire på land.

Det blei kasta ivrig med slukstonga frå kaikanten på Hellesylt ein dag denne veka. Elevar frå Sunnylven skule jakta på storfisken, men det tok si tid…


Dei stod tett langs bryggekanten i flytevestar og med fisketroene sine, elevane frå småskulen. Som ein lekk i ei naturfagoppgåve skulle det vere fiske i fjorden denne dagen, fortalde lærar ved Sunnylven skule, Inger Marie Bakke.

Ved kai låg også turistferja Bolsøy der mange bussreisande følgde med på fiskeriet.
Lite fisk kom på land, sjølv om enkelte elevar meinte at det hadde nappa kraftig. Det såg ut til å vere ”svart hav” denne dagen, berre litt tang og tare-rusk var med dei blanke slukane opp på kaia.

Men så, fiskestonga til Kristine benda seg og rista, der var fisk på. Opp av sjøen kom ein liten, sprell levande fisk, ikkje av det største slaget rett nok, men omlag 15 – 20 cm. lang. Men fisk var det, noko også turistane på Bolsøy såg og som vekte både jubel og applaus.

Nettstaden sin utsente drog vidare, men gjekk glipp av storfisket etterpå. Då vart det landa både mange og store fiskar og der Olai fekk den aller største, fekk vi oss fortalt.
Så då var ikkje fjorden tom for fisk likevel!

-
Reisande på Bolsøy følgde også med på fiskeriet
Reisande på Bolsøy følgde også med på fiskeriet
Kaifisket var lekk i ei naturfagoppgåve, fortalde lærar Inger Marie Bakke t.v.
Kaifisket var lekk i ei naturfagoppgåve, fortalde lærar Inger Marie Bakke t.v.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →