Laurdagskafè med Sunnylven sanitetslag

Mange besøkte Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè.

Mange besøkte Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè.

Sunnylven sanitetslag sin laurdagskafè vart besøkt av mange. Til tider var alle bord i nyesalen på samfunnshuset i bruk.

Det har blitt tradisjon at Sunnylven sanitetslag skipar til laurdagskafè ein gong om våren og ein på hausten. Her byd sanitetsdamene på velsmakande servering og ei lita utloddning.
Laurdag stod varm betasuppe på menyen, og i tillegg kaffi og fleire sortar kaker.
Besøket var over all forventning, av det beste nokon gong fekk vi oss fortalt. At serveringa smaka er liten tvil om, men mange kom også for å slå av ein prat med kjenningar som ein ikkje møter til dagleg. Eit godt sosialt tiltak som alle håpa vil halde fram, kanskje også oftare enn to gonger i året.

Sunnylven sanitetslag er ein aktiv organisasjon i bygda. Saman med trimgruppa i Sunnylven IL skipar dei i slutten av september til sentrumsnær trimtur på Hellesylt, litt seinare blir den årlege sanitetsbasaren halden, og på Sunnylven omsorgssenter skipar laget til adventsstund for pensjonærane inn under jul.

Sunnylven sanitetslag vart offisielt skipa 4. mai 1912 og feirar 100-årsjubileet neste år.

Ruth Nygård Frøysa t. v. og Solbjørg Alme serverte varm og god betasuppe til mange laurdag.

Ruth Nygård Frøysa t. v. og Solbjørg Alme serverte varm og god betasuppe til mange laurdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380