Markerte brannvernveka
I høve brannvernveka 2011 var det ope hus med enkel servering og demonstrasjon av utstyr ved brannstasjonen i Ringdalsåsen på Hellesylt laurdag.
Mange unge ”brannmenn” og ”branndamer” fekk oppleve spanande ting på Hellesylt brannstasjon laurdag. Å få sete i ein stor og ekte brannbil skjer ikkje dagleg, men her var dørene opne til både dei to litt mindre bilane, og den store raude med roterande, blinklys på taket.
I den eine gule er der tre seter der røykdykkarar gjer seg klar med utstyret under transport. Laurdag var det demonstrasjon for unge og interesserte tilskodarar.
Også spyling med brannslange, sløkking med handsløkkeapparat og demonstrasjon av smultbrann vart vist. Ein dag med mykje nyttig informasjon og god påminning om kor øydeleggande ein brann kan vere.
Inge Teigen er brannsjef i Stranda. Han er stolt over den nye brannstasjonen i Ringdalsåsen. -Det vi hadde på Hellesylt var ikkje skamlaust, men no har bygda fått sin opptur. Brannstasjonen huser mykje godt utstyr, her er ein mindre ny bil og ein stor 2003-modell, nyoverhala med brannsprøyte og 17 kubikkmeter vasstank. For å unngå startvanskar uansett årstid og temperatur står bilen med ladding på heile tida.
I tillegg har vi ei brannpumpe på bilhengar og ei stor vifte til bruk ved tunnelbrann. Hellesylt er innsatsveg for brann i tunnelar på Ljøvegen.
Brannkorpset på Hellesylt tel ti mann, sju av dei har røykdykkerkurs og vi har ti øvingar for året, fortalde brannmeister Inge Teigen.