Siste dag med Bolsøy
Fredag 30. september var siste dag på ”jobb” i år på Verdsarvfjorden for cruiseferja Bolsøy og mannskap. 1. mai neste år er ferja tilbake igjen i turistruta, seier skipper Arnold Grønning.
Turistferja Bolsøy starta sesongen og turene mellom Hellesylt og Geiranger 1. mai.
Med fire turar dagleg har det blitt mange hundre passeringar forbi kjende stader i Geirangerfjorden som Dei sju systre, Friaren, Matvika, Knivsflå og Skageflå. Truleg kan ferjeskipper Arnold Grønning og mannskapet på Bolsøy namna i fjorden betre enn dei fleste.
Siste dag i september var årets seilas over. Om det var ein trist dag veit ikkje vi, men skipper Arnold Grønning lova at turistferja Bolsøy og heile mannskapet er tilbake 1. mai neste år.
I juni, juli og august gjekk også Veøy på Geirangerfjorden og registrerte auka trafikk i høve til året før.