Lokalnytt

Skaut sin fyrste hjort

Hanne Kvamme viser fram sitt fyrste store jaktrofè som ho skaut sist laurdag kveld.
Hanne Kvamme viser fram sitt fyrste store jaktrofè som ho skaut sist laurdag kveld.

Hanne Kvamme har felt sin fyrste hjort. Det skjedde sist laurdag kveld då ei kolle fekk eit dødeleg skot midt i hjarteregionen.


Hanne Kvamme er ei av få jente som driv storviltjakt i lag med sju menn i området Hauge i nedre Sunnylvsbygda storvald.
Laurdag kveld sat Hanne på post saman med ein slektning og venta på at det skulle kome dyr inn på dyrkamarka. I skyminga kom ei fjorskolle og den måtte bøte med livet.

Vi var innom hjorteslakteriet på Hauge og Hanne fortel om sitt fyrste jakttrofè.
-Det kom ei kolle, men vi venta litt i håp om at det skulle kome fleire dyr, kanskje ein kronhjort. Den kom ikkje så då sikta eg på kolla og trykte av.
Det var fulltreffar midt i lunge/hjarteregionen, så dyret stubba etter fyrste skotet-.
Slektning Even Andre Bjørneset var med som kikrar og støtte for Hanne sidan det var fyrste gong ho jakta på levande dyr.
-Det var eit perfekt skot, ho var roleg og sa lite etterpå-, fortel han.

Hanne Kvamme har fått seg nytt våpen med kikkertsikte av sambuar Tore Rusten. I vinter tok ho jegerprøva med teori og oppskyting, og i august skaut ho opp til hjorteprøve.
Ho er klar for fleire timar på jaktpost om nokre dagar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380