11. april 2026

Sliten onkel

Helge Tryggestad var onkel under Sunnmørsstemne for born.
Helge Tryggestad var onkel under Sunnmørsstemne for born.

Helge Tryggestad var onkel under barnestemnet på Hellesylt i helga. Det var eit artig, men også eit slitsamt verv.


Barnestemner har sin onkel og si tante. Jobben som onkel fekk Helge Tryggestad, fotballspelar og kaptein på Sunnylven sitt a-lag i fotball. Tante var det uråd å skaffe, så oppgåvene vart desto fleire på onkel.

No gjekk alt berre fint, ingen hadde store behov for hjelp og trøst, fortel Helge. Derimot tykte mange det var artig å leike med onkel.
-Eg var både hest, bil og traktor så no har eg meir vondt i ryggen enn etter ein tøff a-kamp i fotball, sa han ved stemneslutt søndag.

Men han røpa at han ikkje hadde vore berre snill onkel. Både laurdag og søndag morgon hadde han oppgåve å vekkje stemneborna og gjekk høglydt til verks.
-Eg brukte både pannelok, kubjølle og dommarfløyte. Det fekk alle vak temmeleg fort-.
Helge Tryggestad var ein populær onkel, det høyrdest ved stemneslutt, for alle ropa onkel, onkel……

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →