Lokalnytt

Stengt ved Devold for i år

Camilla Volsdal med to av dei populære modellane, islenderen og kufta "snaufjell".
Camilla Volsdal med to av dei populære modellane, islenderen og kufta «snaufjell».

Frå 1. juni har Camilla Volsdal halde ope og seldt kvalitetsplagg av ull frå Devold sitt utsalet på Hellesylt. 31. august var det slutt for denne sommaren.


Salet har vore godt i sommar, betre enn i fjor, seier Camilla. Turistane er jamt og trutt innom utsalet i det tidlegare meieriet på Hellesylt og der surrar det på mange slag språk.
Nokre få gloser på japansk ligg fortsatt på ”hardisken” hennar, men det er vanskeleg. Det går som regel greitt på engelsk og tysk, seier ho.

Produkta er for vaksne kjøparar og utvalet er stort, turistane har mykje å velje mellom. Framleis er islenderen ein av bestseljarane, men også kuftemodellen som heiter ”Snaufjell” har det gått mykje av, fortel blide Camilla som heretter har postadresse 6218 Hellesylt.
At ho ikkje fekk avgarde flyttemelding i tide slik at ho får stemme ved kommunevalet i Stranda, ergrar henne litt. Det blir ordna til neste val, seier ho.

I år var det femte sommaren Camilla Volsdal selde Devold-produkt på Hellesylt til turistar og fastbuande. Og det blir fleire somrar. 1. juni neste år låser ho opp døra igjen til det store lokalet, fylt opp med kvalitetsprodukt av genserar, kufter og ullundertøy.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380