Sunnmørsstemne for born på Hellesylt

Hellesylt Ungdomslag er arrangør av Sunnmørsstemne for born til helga. Over 100 tilreisande er venta til Hellesylt fredag kveld.


Dette blir ei helg med mykje dans, frie aktivitetar og moro, seier Randi Sæter, styremedlem i banelaget hos arrangøren.
Ho fortel at kring 80 born i alder 6 til 15 år frå heile Sunnmøre kjem til Hellesylt fredag kveld. Også deltakarar frå eit lag i Nordfjord kjem.
Hellesylt Ungdomslag brukar å vere av dei med flest deltakarar på slike stemner, men av ulike årsaker blir det ”berre” 21 born frå HUL denne gongen.
Alle skal bu på Sunnylven skule/samfunnshus, seier Randi Sæter.

Ho fortel at mange frå arrangøren vil stå på gjennom heile helga for å lage eit flott stemne slik at alle skal trivast.
Fredag er det ”bli kjent-kveld” med servering av pizza. Både laurdag og søndag blir det mykje dans, laurdag er det oppvisning i gata og på omsorgsenteret, og alle kan få vere med på frie aktivitetar. Det blir tilbod om hinderløype i Åsen, ridning på hest, miniatyrskyting og mange andre ting.
-Vi har fått skryt for at vi har eit variert opplegg-.

Søndag er det stemnegudsteneste i Sunnylven kyrkje ved prost Svein Runde, og deretter er det stemnetog. Så blir det ny danseoppvisning, ute eller inne alt etter kva ver det blir. Stemnet er slutt rundt klokka fire søndag, seier Randi Sæter.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380