Sunnylven fekk tre i kommunestyret
Sunnylven får tre representantar i det nye kommunestyret i Stranda, Jan Ove Tryggestad og Bente Bonsaksen frå Senterpartiet, og Jostein Hole frå Høgre.
Stranda kommunestyre har 25 representantar. Valet 12. september gav dette resultatet.
Sp 8 (+ 4)
Frp 8 (- 3)
Ap 3 ( – 1)
H 3 ( + 1)
KrF 2 ( 0 )
V 1 ( – 1)
SV 0
Senterpartiet gjorde eit svært godt val og Jan Ove Tryggestad blir den nye ordføraren i Stranda kommune, etter Frank Sve.
Kven som blir varaordførar er ikkje klart enno. I tillegg til Ap og KrF ønskjer Tryggestad også H og V i ein storkoalisjon som sikrar fleirtalet.
Fast plass i det nye kommunstyret fekk også Bente Bonsaksen, Sp og Jostein Hole, H.
Frå Sunnylven er desse på varaplass:
Sp: 1. Egil Røyrhus. 2. Synnøve Kjellstad.
KrF: 3. Jens Vik.