Tett med kampar for damelaget

-

Sunnylven sitt damelag skal ut i tre kampar på ei veke. Langevåg, Spjelkavik og FK Sykkylven er motstandarar.

Onsdag 7. september spelar Sunnylven sitt damelag seriekamp borte mot Langevåg. Sist laga møttest på Hellesylt stadion enda oppgjøret uavgjort 2-2. Om Sunnylven stiller med sitt beste mannskap trur vi på siger i denne kampen.
Langevåg ligg sist på tabellen med 7 poeng.

Meir usikkert er resultatet i oppgjøret mot Spjelkavik på Hellesylt stadion søndag 11. september. Dette er ein hengekamp som skulle blitt spela i juni.
Spjelkavik er på tredje plass med 20 poeng, same sum som Sunnylven som har to kampar mindre så langt.

Onsdag 14. september kjem FK Sykkylven på besøk til Hellesylt stadion, suveren serieleiar i damer 3. div. med 33 poeng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380